Haram kyrkje
Haram kyrkje
Haram kyrkje ligg på Austnes på Haramsøya og er den eldste av kyrkjene i Haram.

Haram kyrkje ligg på Austnes på Haramsøya. Det er ei åttekanta tømmerkyrkje, utvendig og innvendig panelert og med tilbygg for våpenhus, kor og sakristi. Då kyrkja vart bygd i 1838, vart kyrkjestaden flytt frå Haram til Austnes. Den gamle kyrkjestaden på Haram er markert med ein bauta omgjeven av ein park. I 1993 vart Haram kyrkje sterkt skadd etter brann, men har seinare vorte restaurert.


Kyrkjerommet er prega av Lars Osas rike og gjennomgåande dekor frå 1911. Fondveggen i koret har bilete av dei fire evangelistane, og på sideveggene er det bilete av dei elleve læresveinane og Paulus. Kortaket er dekorert med Kristus i strålekrans omgjeven av evangelistsymbola. Kyrkjerommet har galleri langs seks av veggene. I midten av skipet er det fire søyler som stør opp om klokketårnet.

Preikestolen frå kring 1600 og altartavla frå 1670 kjem frå den gamle kyrkja. Midtmotiva på altartavla nedanfrå og opp er Nattverden, Korsfestinga og Oppstoda. Korsfestinga er flankert av Moses og Aron, som representerer den gamle pakta, og på kvar side av Oppstoda står evangelistane, som representerer den nye pakta. Øvst på altartavla er kongemonogrammet og krona haldne oppe av to kraftige løver.







Del denne artikkel på e-post
19. august 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando