Haram kyrkjelege fellesråd avgår med døden
 


Haram kyrkjelege fellesråd avgår med døden
Haram kyrkjelege fellesråd avgår med døden

Frå 1.1.2020 eksisterer ikkje Haram kyrkjelege fellesråd lengre

I 1997 og kyrkjereforma vart dei kyrkjelege fellesråda skipa. Dei skulle ta over frå kommunene personalansvar, økonomistyring, forvaltning av bygg, og gravplassforvaltninga. Kvar kommune skulle ha sitt eige fellesråd som tok over desse oppgåvene.

1.1.2020 vart som kjent NYE Ålesund kommune til, og for kyrkja så måtte ein jobbe med å slå saman 4 ulike fellesråd til eitt nytt:
- Storfjorden kyrkjelege fellesråd (der Skodje og Ørskog har vore ein del)
- Sandøy kyrkjelege fellesråd
- Ålesund kirkelige fellesråd
- Haram kyrkjelege fellesråd

No går vi alle saman inn i det nye Ålesund kyrkjelege fellesråd. Fellesrådet har representanter frå 13 sokn i den nye kommunen, pluss ein representant frå kommunen og ein utnemnt av biskopen i Møre.

Inntil vidare vil vi i gamle Haram fortsette som før. Mykje får lite konsekvenser. Gudstenester, gravferder, trusopplæringstiltak, konfirmantopplæring m.m. vil vi fortsette med. Og vi har med den same staben som jobber for å gje sokna, kyrkjene og lokalsamfunna rundt oss den same gode tenesten som vi har gjort før. Så har du spørsmål så er det berre å ta kontakt.

Nokre av oppgåvene har fått nye ansvarlege personer, så for å nå rette person må du no ringe vårt nye sentralbord på 70 16 53 00. Inntil ny nettside er på plass så vil vi ha våre gamle e-post adresser (@haram.kyrkja.no), og om du veit mobilnummer direkte til oss så vil dei vere det same.

Så etter 23 år som Haram kyrkjelege fellesråd vil eg på vegne av tidlegare fellesråd og dagens stab få takke for godt samarbeid, og så håper vi på fortsatt like godt samarbeid i åra framover.

Med ønske om eit velsigna og godt nytt år.

 

Jan Dalhaug, avtroppande kyrkjeverje







Del denne artikkel på e-post
28. februar 2020 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando