Konsert "No stig vår song"
 


Konsert "No stig vår song"
Konsert No stig vår song

Salmar og kåseri i Vatne kyrkje

No stig vår song

FEIRING AV NYNORSK SALMETRADISJON
GJENNOM 150 ÅR

-Konsert og kåseri-

Vatne kyrkje
Laurdag 28. september 18.00


Konsert med Magne Fremmerlid og Bjørnar Myhr

Gaute Øvereng frå Nynorsk kultursentrum kåserer om 
den nynorske salmetradisjonen

Fri entre/kollekt
 

 

«No stig vår song»

Magne Fremmerlid og Bjørnar Myhr på konsertturne i Møre med nynorske salmar. 

I år feirar Noreg bokas år, 500 år etter at erkebiskop i Nidaros Erik Walkendorf fekk tinga to liturgiske bøker i 1519. Dette jubileet fell same året som det er 150 år sidan det første nynorske salmeheftet «Nokre Salmar, gamle og nye» blei gitt ut. Mannen bak heftet var Elias Blix. Han sprengte rommet for kva språk offentlege religiøse tekstar kunne skrivast på, og no 150 år etter er det som ein gong var kontroversielt ein sjølvsagt del av dei norske kyrkjeromma.

Dei nynorske salmane er ein viktig del av vår salmeskatt, og mange av dei mest kjende nynorske salmediktarane har sine røter frå vårt område. Med bakgrunn i dette har Møre bispedøme og Nynorsk kultursentrum tatt initiativ til å feire den nynorske salmetradisjonen med ein konsertturne i bispedømet. I september blir det arrangert konsertar i fem kyrkjer i Møre bispedømme, med songar Magne Fremmerid, og Bjørnar Myhr på piano. Gaute Øvereng frå Nynorsk kultursentrum kåserer over den nynorske salmetradisjonen. Magne Fremmerlid har i mange år vore tilknytta solistensemblet ved Den Norske Opera og Ballett i Oslo, og har hausta strålande kritikkar både i Noreg og frå operascener i Europa.  Bjørnar Myhr er pianist, komponist, arrangør og kapellmester. Han er Møremusikar i Møre og Romsdal fylkeskommune og har ein variert karriere som pedagog, solist, kammermusikar, akkompagnatør og komponist. Gaute Øvereng er administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum. 

Konserten vil innehalde eit bredt spekter av salmar frå den nynorske salmeskatten, framført av dei dyktige kunstnarane. Fellessong blir også ein viktig del av konserten.

 

Det blir salmekonsert i desse kyrkjene:

• Borgund kyrkje, søndag 22. september

• Ulstein kyrkje, måndag 23. september

• Grytten kyrkje, torsdag 26. september

• Tingvoll kyrkje, fredag 27. september

• Vatne kyrkje, Laurdag 28. september

 

Konsertane er støtta av Møre bispedømmeråd, Bokåret 2019, Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylke og Nynorsk kultursentrum. 







Del denne artikkel på e-post
23. september 2019 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando