Felles festgudsteneste Fjørtoft
Felles festgudsteneste Fjørtoft

Haram kyrkjekor, biskop Ingeborg Midttømme, og prost Svein Runde deltek.

Søndag 25. august kl. 11.00 er det festgudsteneste i Fjørtoft kyrkje. Gudstenesta er felles for alle kyrkjelydane i Haram.
 
Reise:
Ferje går frå Brattvåg kl. 9.15. Parker gjerne bilen på ferjekaia og fyll opp bilane som køyrer om bord.

Reiser du med eigen båt kan du gjere som biskopen og leggje til i småbåthamna på Fjørtoft. Fjørtoft småbåthavn ligg ved ferjekaia.

Program:
Biskop Ingeborg Midttømme og prost Svein Runde er med. Haram kyrkjekor deltek under leiing av Michael Wagner.

Takkofferet går til NMS – døveskulen på Madagaskar. Ta gjerne med kontantar.
 
Etter gudstenesta blir det ei historisk reise ved Liv Longva Nilsen. Vi dreg tilbake til tida for Fjørtoft kapell,

Deretter blir det servering av varmmat.

Etter kyrkjekaffien er det høve til å vere med på ein rundtur - med orientering om Fjørtofta.

Velkommen.

 







Del denne artikkel på e-post
25. august 2019 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando