Kyrkjeval 2019
Kyrkjeval 2019

9.september er det val til sokneråd og bispedømeråd.

Samtidig med kommune- og fylkestingval, vil det 9.september også vere val til sokneråd og bispedømeråd. I Haram er det Møre bispedøme og følgande sokneråd (kandidatlister):

Brattvåg sokneråd
Vatne sokneråd
Hamnsund sokneråd
Haram sokn
Fjørtoft sokn
(Haram og Fjørtoft sokn vil ha felles sokneråd i denne perioden.)

Valet til kandidater til Møre bispedøme har 3 ulike lister. Det er Bønnelista, nominasjonslista, og Åpen folkekirke.
Bønnelista, Nominasjonskomiteen si liste, og Åpen Folkekirke

Val-lokala vil vere i same bygg som kommune- og fylkestingvalet. Sidan vi ikkje har tilgang til elektroniske medlemslister, oppfordrer vi til å stemme i den kretsen ein høyrer til. Valkort vert sendt ut på førehand der vallokale er oppgitt.
Det er mogleg å stemme andre plasser (men kun i Haram kommune), akkurat som for kommune- og fylkestingsval, men ein må då pårekne litt ekstra tid.

Frå 12.august vil det også vere mogleg å avgje førehandsstemme på kyrkjekontoret i Brattvåg, Årsundvegen 11. Dette kan ein gjere i dei vanlege opningstidene (man, tirs, ons, fre kl 0900-1500) fram til og med fredag 6.september.
Her kan alle førehandsstemme til sitt sokneråd/bispedømet.
 







Del denne artikkel på e-post
25. august 2019 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando