Tørsten gir lys
Tørsten gir lys

«Tørsten gir lys» - Retreatdag med Erling Rimehaug i Brattvåg kyrkje 19.okt.

Laurdag 19.oktober arrangerer Brattvåg sokneråd retreatdag i Brattvåg kyrkje med Erling Rimehaug, kjent som tidlegare redaktør i Vårt Land, forfattar og reiseleiar. Tema for dagen er: «Tørsten gir lys». Dette er også tittelen på eit bok han gav ut i 2007. I boka fortel Rimehaug frå si livsreise, der han har henta mykje inspirasjon frå den kristne mellomaldermystikaren Johannes av Korset. På retreatdagen vil han innleie om to undertema: «På vegen og i ørkenen» og «I mørke går vi». Det blir rom for stille tid og samtale, varm lunsj og kaffipause. Tidsramma er frå kl 10 til kl 16. Pris 500 kr.
Retreatdagen blir arrangert av Brattvåg sokneråd. Påmelding til Peter Odd Bjørkhaug, pobjorkhaug@gmail.com eller mobil 95110207.

 







Del denne artikkel på e-post
25. august 2019 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando