Vatne og Hamnsund sokn søker etter vikar som sokneprest
Vatne og Hamnsund sokn søker etter vikar som sokneprest

Vatne kyrkje

Då soknepresten i Vatne og Hamnsund sokn skal ha eitt års permisjon, er det ledig vikariat som sokneprest/prestevikar. Det er ønskeleg at den som vert tilsett kan tiltre omkring 1. september. Vikariatet gjeld fram til juni 2019, men ein kan også søkje for eit kortare tidsrom.

Vatne sokn har ca. 2300 kyrkjemedlemmer. Kyrkja er frå 1868 og ligg nær Vatne sentrum. I området er det spesielt mange unge familiar, og derav mange dåp i kyrkja. Soknerådet har i fleire år jobba med programmet NAMU (Naturlig menighetsutvikling). 

Hamnsund sokn har ca. 1300 kyrkjemedlemmer. Kyrkja er frå 1875 og ligg nær tettstaden Søvik. Kyrkjelyden har eit inkluderande fellesskap med mange engasjerte. Soknerådet har tidlegare jobba med NAMU. Det blir nytta nynorsk i alle sokna.

 

 

Stillingsutlysninga finner du her.

 







Del denne artikkel på e-post
16. oktober 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando