Klippehjelp 2018
Klippehjelp 2018

Søknadsfrist 20.april

Haram kyrkelege fellesråd søker klippehjelp for 2018.
Kvart år har vi sommerhjelp som klipper rundt kyrkjene og på gravplassane i kommuna. I år som tidlegare år er det 9.klasse på Haramsøy som klipper på Lepsøy, Haramsøy og på Longva. For fastlandet trenger vi klippere for sesongen, som er frå mai til og med september.

Arbeidet inneber å klippe graset kvar veke med raider (liten traktor) og vanleg grasklipper. I tillleg må ein bruke kantklipper rundt gravstøtter og andre områder kvar 14.dag.

Til saman er det snakk om 56 timer i veka fordelt på Brattvåg, Vatne, Hamnsund, Hildre og Helland/Ringstad.

Opplæring vert gitt, og ein bør vere 16 år. Det er også mogleg å søke på ei 100% stilling som klipper om ein har tilgang til bil. Dette utgjer 37,5 time pr veke. Lønn etter tariff.

Ta kontakt med kyrkjekontoret på post@haram.kyrkja.no eller på telefon 70 20 93 70. Søknadsfrist er 20.april.







Del denne artikkel på e-post
22. april 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando