Kvinnehelg på Lepsøya, 10.-12. november
Kvinnehelg på Lepsøya, 10.-12. november

(C) www.lepsøymisjonssenter.com

Påmeldingsskjema her

Kvinnehelg
Ønsker du deg ei helg der du kan kvile? Få senga oppreidd og maten servert? Kanskje ei barnefri helg, eller ei pause frå tv-sjåing? Ønsker mannen seg ei utkvilt kone heim til farsdagen?

Somme tider går livet litt for fort i svingane. Då kan det vere godt å kome seg ei helg vekk og slappe av og få fokus igjen. Andre tider kan det rett og slett vere behov for å kome saman med ein flokk andre og vere sosial for ei helg.  10.-12. november håper vi på å legge til rette for både input og fritid, ei helg som kan vere god å vere på for dei fleste kvinner i ulik alder. Hjerteleg velkomen til Kvinnehelg på Lepsøya!

Fermate-Sunnmøre
Vi er veldig glade for å arrangere kvinnehelg saman med Fermate-Sunnmøre. Fermate er eit ressurssenter for sjelesorg og vegleiing, og har mellom anna tilhaldsstad i Ålesund. Der har dei erfarne samtalepartnarar med fagkompetanse som kan hjelpe deg gjennom ulike prosessar livet har å by på. Denne helga blir Iris Vartdal Clausen, dagleg leiar og sjelesørger på Fermate, med og har undervisning for oss.

Prestegarden
Kvinnehelga blir på Lepsøy misjonssenter, på folkemunne kalla Prestegarden. Dette er ein gamal prestegard der presten i Haram tidlegare budde, og den trivelege atmosfæren sit fortsatt i veggane. På hovudhuset og stabburet er det til saman 27 sengeplassar på fleirmannsrom. Området rundt er fint tillaga med naust og gapahuk, og med fleire flotte turmål i nærleiken.    

Program
Fredag
17.45 Innlosjering
18.30 Mat
19.00 Intro v/Iris Vartdal Clausen, Fermate
20.30 Kveldssamling
21.30 Kosemat

Laurdag
09.00 Stille frukost
09.30 Bibelstund
10.30 Å vandre med kvilepuls del 1, v/Iris  
          Vartdal Clausen, Fermate
12.30 Graut
13.30 Fellestur for dei som vil
16.30 Ettermiddagskaffi
20.00 Mat
20.30 Kveldssamling
21.30 Kosemat

Søndag
09.00 Stille frukost
09.30 Bibelstund
10.30 Å vandre med kvilepuls del 2, v/Iris 
          Vartdal Clausen, Fermate
12.30 Lunsj
13.00 – 15.00 Avreise     

Påmelding
Påmelding her innan 31. oktober
Ta evt. kontakt med Linda Slyngstad

Pris
1095 kr (+75 kr for oppreidd seng)
Om økonomien er vanskeleg, ta kontakt med Linda Slyngstad, så finn vi ut av det!

Kontakt
Linda Slyngstad, diakoniarbeidar
linda.slyngstad@haram.kyrkja.no
70209370/99627949
 







Del denne artikkel på e-post
18. november 2017 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando