Bibelselskapet 200 år
Bibelselskapet 200 år

I år er det 200 år sidan Det norske Bibelselskap vart skipa. Dette vert markert med ein fest i Brattvåg kyrkje fredag 21. oktober. I 1814 vart Noreg fri frå Danmark og fekk si eiga Grunnlov. Berre to år seinare var Bibelselskapet eit faktum. Dette var ein naturleg del av den norske sjølvstendiggjeringa. Ynskjet om å få Bibelen på vårt eige språk, styrka vår uavhengigheit som nasjon. Bibelen er den mest selde boka i verda, og den har prega kulturen vår i meir enn tusen år. I dag er Bibelselskapet eit samarbeid mellom dei fleste kyrkjesamfunna i Noreg.

Sokneråda i Vatne, Hamnsund og Brattvåg står saman om denne feiringa. Men øyafolket blir også med. «Kor for oss» skal synge under festen. «Kor Herrleg» blir også med. Tidlegare generalsekretær Stein Mydske frå Bibelselskapet vil tale og informere om bibelarbeidet i andre land.

Det er mange innvandrar mellom oss, og fleire av dei vil ta del med bibellesing på sine eigne språk.







Del denne artikkel på e-post
15. november 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando