Informasjon om dåpen
Informasjon om dåpen
Trykk her for å lese meir om dåpen

Gratulerer!

Dei største gratulasjonar med det vesle barnet som er komen inn i familien dykkar!
Barnet dykkar er ei fantastisk gåve og dåpen er ei gåve til barnet. Derfor ynskjer vi å invitere til barnedåp i Haram!
I dåpen blir barnet medlem av Den norske kyrkja og blir ein del av eit større fellesskap.
Å vere døypt gir oss eit vern og fortel oss at Gud passar på oss som sitt barn.
Velkomen til dåp!

Kvifor døype barnet?

Barnedåp er ein tusenårig lang tradisjon i Norge. Dåpsdagen er prega av stas og høgtid i kyrkja og er ein festdag der vi feirar at barnet som har kome til verda, har fått ta del i den kristne trua.
Etter kvart som barnet veks til, har kyrkja trusopplæring for dei døypte, les meir om dette under «Trusopplæring i Haram.»
Fadrar
Å vere fadder er ei ære og ei oppgåve. Barnet må ha minst to fadrar. Dei må ha fylt 15 år og vere medlem i Den norske kyrkja eller eit anna kyrkjesamfunn som godkjenner barnedåp.

Dåpssamtale

Alle som ber barnet sitt fram til dåp, får også ein dåpssamtale. På Haram fastland er det felles samtalar for fleire dåpsbarn der både prest og kateket/trusopplærar er med. Dåpssamtalen er i kyrkja barnet skal døypast i og er på ein torsdag kl 15 til ca 16:15. Når dåpsdagen nærmar seg, tek vi kontakt for å avtale tid.
Barnet og føresette er med på dåpssamtalen, men ta gjerne med fadrar. Samtalen gir rom for blant anna refleksjonar, symbolbruk i den kristne dåpen og vi går gjennom det praktiske rundt ein dåp.

Kva informasjon treng du for å registrere til dåp?

Registrering til dåp gjer du under fanen dåp på www.haram.kyrkja.no. Dette må de gjere minst to veker før dåpsdagen.
De må ha
- fødselsnummeret til barnet
- mobilnummeret til ein føresett
- Det må registrerast minst 2 fadrar
- Dersom de ikkje har registrert fadrar enno, eller ønskjer å gjere endringar i skjemaet, finn de registreringa att på adressa www.haram.kyrkja.nounder Dåp.

Kvar skal barnet døypast?

De kan fritt velje kva kyrkje de ynskjer barnedåp innan Haram kommune, kostnadsfritt. Haram kommune har seks kyrkjer

- Vatne kyrkje
- Hamsund kyrkje
- Brattvåg kyrkje
- Hildre kyrkje
- Fjørtoft kyrkje
- Haram kyrkje (på Haramsøya)
Du kan også velje å ha dåp i ei kyrkja utanfor kommunen du bur. Ta då kontakt med den kyrkja det gjeld. Dåpssamtalen er som oftast i kommunen du bur.


Du er velkomen til å døype barnet ditt i ei av kyrkjene i Haram, enten du er busett i Haram eller ikkje.

Trusopplæring i Haram

Dåp og opplæring høyrer saman. Når barnet er døypt, skal det etter kvart bli kjent med den kristne trua.
Trusopplæring gir barnet eit viktig fellesskap og det får kjenne at det høyrer til kyrkja si. Kyrkja har tilbod i trusopplæring i alderen 0-18 år.

- Dåp 0 år
- Minifest 1-3 år
- 4årsbok 4 år
- 6 årsbok 6 år
- Tårnagent 3. trinn
- LysVaken 5. trinn
- KodeB-leir 6. og 7. trinn
- Ungkyrkja 13-18 år

Å lese ei historie frå ein barnebibel, ei kveldsbøn eller synge ein song, er viktig trusopplæring i heimen 
Foreldre, besteforeldre, faderar, bonusfamilien og vennar, er ei viktig brikke i trusopplæringa!

Invitasjon til dåp, brosjyra

Når eit barn blir født og begge eller eine av foreldra er medlem i Den norske kyrkja, får di tilsendt invitasjon til dåp i Haram. Brosjyra finn du her.

Dåp til andre enn barn?

Det hender at personar som ikkje vart døypte som spebarn ønskjer dåp. Dersom det er snakk om tenåringar eller vaksne, vil ein få dåpsundervising i forkant av dåpshandlinga.Alle, uansett alder, kan døypast. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt dersom har du har spørsmål! Du finn kontaktinformasjon på framsida under "kontakt oss" :) Her kan du lese meir om dåpen.






Del denne artikkel på e-post
25. september 2017 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando