Haram gravplass
Haram gravplass
Haram gravplass ligg på Austnes og vart anlagt då kyrkja vart flytta dit frå Haram.
Haram gravplass ligg på Austnes, ved Haram kyrkje. Gravplassen er frå 1838, same året som kyrkja vart bygd. Den gamle gravplassen på Haramsøya låg ved den gamle stavkyrkja på Haram. Gravplassen på Austnes vart utvida nedover mot sjøen for første gong i 1934 då det trengtes meir areal til gravlegging.

På 60-talet var gravplassen på ny i ferd med å gå tom for areale til gravlegging. Dermed vart det sett i gong ein omregulering av den opphavlege gravplassen oppe ved kyrkja, slik at denne delen kunne nyttast til ny gravlegging. Alle gravminna på denne delen av gravplassen vart dermed flytta litt til å passe inn i det nye rutemønsteret. I 1966 vart likevel gravplassen utvida nok ein gong ned mot sjøen, då det trengtes endå meir areal til gravlegging.






Del denne artikkel på e-post
10. desember 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando