Vi treng frivillige
Vi treng frivillige


Les meir...

Vi treng fleire frivillige og vil gjerne ha deg med på laget!

Det herlige faktum er at kyrkja di treng hjelp til gjennomføring av trusopplæringstiltak for at barna skal få ei best mulig oppleving på alle nivå. Trusopplæringsutvalet har samlingar nokre gongar i året.

Trusopplæring er kyrkja sitt ansvar og vi har stor variasjon innan tiltak som finnes. Heimesida vår innheld informasjon dei ulike aktivitetane vi har som til dømes Tårnagenthelg, LysVaken og Kode B-leir.

Det er spennande å vere med på tiltaka! Å vere medhjelpar i kyrkja på frivillig basis, kan til dømes innebere:

- Vere med på planlegging

- Bake bollar
- Praktiske gjeremål
- Vere kreativ saman med barna
- Kome med tankar og idear
- Styre Power Point presentasjon
- Vere med på utvikling av tiltaka
- Hjelpe til under aktivitetar og under gudstenesta
- Og ja: leik og moro er fullt mulig!

Vil du vere med – så heng på! Har du spørsmål? Ta kontakt med
Katrine på kro@haram.kyrkja.no eller 48 21 89 48.



                                                                               Gud gir - vi kan vel dele?


                 

 







Del denne artikkel på e-post
19. august 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando