HtO - Haram trusopplæring
HtO - Haram trusopplæring
Les meir om vårt arbeid med barn og unge...

HtO står for Haram trusopplæring og er namnet på kyrkja sitt arbeid for barn og unge. Minner namnet deg om vatn? Vatn omsluttar Haram med fjordar på alle kantar. Vi liker reint vatn, og vatn er både viktig for miljøet og ei kjelde til liv og vekst. Vatnet er synleg i dåpen, der Gud gjer oss til sine barn.

Akkurat som vi treng vatn for å leve, er vi avhengige av påfyll for å vekse i trua på Jesus.
HtO har fokus på at barn og unge skal få bli kjent med kristen tru og praksis gjennom spennande og artige tiltak i kyrkjelydane. Barnet sine nære er også hjartleg velkomne til å vere med! Du kan lese meir om å kunne delta her.

Vi har tru på at barn har stor glede av å kunne bli kjent med Jesus og få ei retning tross alt mylder som skjer rundt eit barn. Kyrkja er ein fantastisk plass å møtast og vi har det skøy og moro med barna! I tillegg har vi gitt plass og ro til spørsmål og tankar som barn i dag har.

Kom igjen, bli med!

På heimesida til Haram kyrkjelege fellesråd, under "barn og unge", finn du oversikt over alle aktive trusopplæringstiltaka vi har. Før kvart tiltak, blir det alltid sendt ut invitasjon for dei det gjeld.

Noko du lurer på? Kontakt gjerne Katrine eller Astrid! Du finn kontaktinformasjon under "om oss" og "tilsette".






Del denne artikkel på e-post
10. desember 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando