Påskevandringar
Påskevandringar

 

Påskevandringar i kyrkjene
Les meir...

 


Påskevandringa gir barna ei reise i den kristne påskefortellinga og vi inviterar barn frå barnehagane og 2.trinn i skulen til kyrkja. I likheit med julevandringa, brukar vi heile kyrkjerommet og fleire av sansane våre til å lære at vi feirar påske fordi Jesus døydde på korset og stod oppatt frå dei døde.

Vi vandrar inn i Jerusalem der vi tenker oss at Jesus kjem ridande på eit esel på Palmesøndag. Vi feirar påskemåltidet med saft og flatbrød og lærer at vi brukar nattverden blant anna for å hugse på Jesus.

Langfredag kjem og Jesus blir korsfesta. Heldigvis får vi oppleve at tre dagar seinare er grava tom! Vi reiser til grava med blomar, men den er tom for Jesus har stått opp frå dei døde! Oppstått er Jesus, hurra, hurra!!

Kateket Astrid og trusopplærar Katrine har ansvar for påskevandringane.







Del denne artikkel på e-post
25. august 2019 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando