Undretur og 4-årsbok
Undretur og 4-årsbok


Les meir...


Undretur og 4årsboka!

Det året barnet fyller 4 år får det invitasjon frå kyrkja om å få utdelt ei bok under ei gudsteneste.

Dagen før gudstenesta inviterar vi til Undretur i kyrkja. Undreturen gir barna ein sjanse til å bli kjent med kyrkja si. Turen er både spennande og moro for barna og vi lærer om døypefonten, orgelet og at kyrkja er Gud sitt hus. Barna får hjelpe til under gudstenesta på søndagen og dette skal vi øve litt på.

Søndagen er det Sprell Levande gudsteneste med utdeling av bok til 4åringane. Til denne gudstenesta oppfordrar vi spesielt føresette, fadderar og besteforeldre til å kome å sjå at barnet får boka si. Dette synes barnet er STOR stas!

Kateket Astrid, trusopplærar Katrine og trusopplæringsutvala har ansvar for denne samlinga.

VELKOMEN!







Del denne artikkel på e-post
19. august 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando