Minifest
 


Minifest
Minifest

Les meir...


Velkomen til Minifest i kyrkja di!

 

Minifest i Vatne kyrkje laurdag 21. september kl 10-11

Minifesten er trusopplæringstiltaket for dei miste, foreldre, fadrar og besteforeldre. Samlinga er ein gong i året og vi ynskjer 1, 2 og 3-åringane med familie velkomne til kyrkja si!

På Minifesten gjer vi mykje moro og spennande! Vi syng saman, høyrer ei fortelling frå bibelen og kiker oppi skattekista. Alle får ein skatt!

Alle som er døypte og bur i Haram får invitasjon i posten og Minifesten er ein flott måte å få hjelp, støtte og konkrete forslag til trusopplæring i heimen.

Syskjen, foreldre, fadrar, besteforeldre og andre er velkomne til å bli med :)

Helsing kateket Astrid og trusopplærar Katrine (48 21 89 48)







Del denne artikkel på e-post
15. oktober 2019 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando