Hildre gravplass
Hildre gravplass
Hildre gravplass ligg på Hildrestranda, nokre hundre meter frå kyrkja.
Hildre gravplass vart lagt ut i 1907, den gongen Hildrestranda høyrte inn under Haram prestegjeld. Det var langt og tungvint for folket på Hildrestranda å fare heilt til Haramsøya for gravferd, og det var eit sterkt ønske om å få eigen gravplass på fastlandet. Lenge før det kom kapell på Hildre, kom det altså gravplass. Då kapellet vart bygd mange år seinare, vart ho ikkje plassert tett ved gravplassen, men nokre hundre meter lenger nord. Gravplassen ligg derfor ikkje i tilknytning til kyrkja. Gravplassen har vorte utvida to gongar, rundt 1936 og 1980.






Del denne artikkel på e-post
19. august 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando