Brattvåg kyrkje
Brattvåg kyrkje
Brattvåg kyrkje med si karakteristiske utforming, er den yngste av kyrkjene i Haram.

Brattvåg kyrkje er hovudkyrkje i Brattvåg sokn. Kyrkja er bygd i mur og blei oppført i 1977; arkitekten heitte Aksel Fronth. Utvendig har kyrkja to høge trekanta betongveggar, som stig opp som to spissar. Mellom betongveggane og langsetter det store taket går ei brei lysstripe som gjev lys til kyrkjerommet.  
Kyrkja er bygd i «halvvifte-form», noko som vart mykje brukt i kyrkjer som vart bygd på denne tida. Det var bevisst gjort for å skape nærleik til tilhøyrarane, og med tanke på fellesskapet. Funksjonen vart viktigare enn stilart, og kunstutrykka meir abstrakte. D går ein klar akse frå inngangen i sør til altaret i nord. 

Det vart mykje folkesnakk kring det nye kyrkjebygget, då det hadde ei moderne utforming som ikkje alle var like nøgde med. På folkemunne vart det sagt at ho minna om ein hoppbakke. Det har òg blitt snakka om at kyrkja liknar ein fugleunge som strekkjer seg mot himmelen, slik som kyrkjelyden skal få næring frå Gud i himmelen gjennom Guds ord. Andre har sagt at kyrkja er forma som ei høne som vernar kyllingane under sine venger, og at dette er eit bilde på at Gud passar på og vernar om sine barn. 

Innvendig gjer det skrånande taket med overlys at merksemda samlar seg om koret og den høge lysopninga mellom betongveggane. Dette vindauget er fylt med eit glasmåleri som også er altartavle, og er utforma av arkitekt Fronth. Nedste delen viser ein stilisert Kristusfigur. Altaret er eit bord, som etter tidleg kristen skikk berre er utstyrt med eit lite krusifiks og to lysestakar. Glastaket inne i kyrkja er dekt av ein «ribbevegg». Nokon har kalla dette for himmelstigen eller Jakobsstigen. 

Brattvåg er ei arbeidskyrkje, med mellom anna kjøkken og utleigelokale i kjellaren. Det har tatt mange år å i innreie kyrkjekjellaren fordi det har blitt gjort av innsamla midlar og på dugnad.






Del denne artikkel på e-post
25. mai 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando