Går du med gifteplanar?
Går du med gifteplanar?
Då kan du få litt nyttig informasjon her.

Vigsel
Vigslene vert utført i ei av kyrkjene i kommunen eller på eit av prestekontora. Kvar av kyrkjene har sitt eige særpreg.  Før sjølve vigsla må brudefolket og forlovarar fylle ut skjema. Ein av prestane har ein vigselssamtale med brudefolket. Brudefolket får ein bibel i gåve frå kyrkjelyden.

I følge vigsleslova er det folkeregisteret som er prøvingsinstans i samband med vigsler. Brudefolket bør difor ta kontakt med
skatteetaten først med tanke på formalitetane. Avtale om tidspunkt for vigsla gjer ein direkte med det lokale kyrkjekontoret.

Takstar
I Haram kostar det ingenting å gifte seg dersom minst ein av partane bur i kommunen og er medlem av Den norske Kyrkja.
Dersom ingen av brudefolket eller foreldra bur i Haram kommune, eller ingen av brudefolket er medlem av Den norske Kyrkja:
Leige av kyrkje, kr. 1000,-
Lege av organist, kr. 1000,-

Liturgi
Liturgien er ramma for sjølve vigselen, men innanfor den finst det forskjellige alternativ. Det er for eksempel vanleg at forlovarane, venner eller slektningar les nokre av tekstane.
Her finn du liturgien for brudevigsel.






Del denne artikkel på e-post
19. august 2018 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando