Informasjon konfirmasjon
Informasjon konfirmasjon

Informasjon om konfirmasjonen

Hei og velkomen til denne sida!

Her finn du brosjyra for konfirmantåret 2019/2020, samt informasjon om det som skal skje og korleis du kan kontakte oss.


Informasjonsskriv om konfirmantåret med datoar og opplegg, finn du ved å trykke her.


Datoane for konfirmasjonane våren 2020 er:
 

o   Vatne: siste laurdag i april (2020: 25.april)

o   Hildre: siste søndag i april (2020: 26.april)

o   Brattvåg: første laurdag i mai (2020: 2.mai)

o   Hamnsund: første søndag i mai (2020: 3.mai)

o   Lepsøy: palmesøndag (2020: 5.april)

o   Haram: andre søndag i mai (2020: 10.mai)

 

Konfirmantopplegget tek til i slutten av
august og sluttar av i april/mai. Vi ynskjer at konfirmasjonstida skal vere
med å styrkje banda til kyrkja og at konfirmasjonstida skal hjelpe dykk unge til
å finne svar på nokre av dei spørsmåla dei fleste har om; tvil og tru,
meininga med livet, kven Gud er og kva han har med oss å gjere.

Både foreldre, fadrar og kyrkjelyd har tatt på seg ansvaret for at barn som vert døypte i kyrkja vår, får lære om kristendomen og kva det vil seie å tru på Gud. Vi vil også at dei unge skal bli
kjent med kyrkjelyden og med gudstenesta. Vi satsar på aktiv konfirmantdeltaking i gudstenestene.
 
Påmeldinga er elektronisk og de kan
melde dykk på her på nettsidene. Er de i tvil om registreringa har blitt
notert hos oss, ta kontakt. Dersom de ikkje er fortruleg med denne måten å gjere
det på, ta kontakt med Kyrkjekontoret –tlf. 70 20 93 70. Kateket Astrid Øygard
har telefon 913 01 209. 


På fastlandet har vi ei kort informasjonssamling i
Brattvåg, Vatne og Hamnsund kyrkje for BÅDE konfirmant og
foreldre/føresette. Dette vert den tirsdag 20. august 2019.

For konfirmantane i Haram /øyane, vert det eit møte for foreldre og konfirmanter i Haram kyrkje.

Tidspunkt for dette vil vi kome tilbake til. Sokneprest på øyane er Magne Bildøy som har epost magne.bildoy@haram.kyrkja.no. Påmelding til konfirmasjon på øyane, skjer også elektronisk.


Konfirmantopplegget vil m.a. innehalde
- undervisning i grupper ca. annakvar veke
- gudstenester
- fasteaksjon (innsamling til Kirkens Nødhjelp)
- besøk av Team Skjærgårds
- samtalegudsteneste
- weekend
- fellesopplegg m/andre konfirmantar
- konfirmantdag


Både døypte og ikkje er velkomne
Ungdomar som ikkje er døypte, er også velkomne til å ta del i konfirmantopplæringa. Dei som skal konfirmerast til våren, må vere døypte først. Kva det betyr å vere døypt og korleis ein eventuell

dåp skal føregå, kjem vi tilbake til.

Pris og oppmøte
Det vil koste 1500 kr å ta del i konfirmantopplæringa på fastlandet,dette dekkjer alle aktivitetane.
Vi deler betalinga i 2, ei på hausten og ei på våren. Dersom nokon har problem med å betale dette, ber vi dykk om å ta kontakt med oss, så skal vi finne ei løysing.
For øyakonfirmantane koster det 900 kr, noko som ikkje dekker mat.


Alle konfirmantar skal møte på minst 8 gudstenester, og alle samlingar er obligatoriske. Dersom frammøtet vert for dårleg, kan det bli snakk om ekstra frammøte og oppgåver. Dvs om du har vore borte meir enn tilsvarande 5 gruppesamlingar.
 

Kontaktinformasjon
Meir informasjon om konfirmanttida på fastlandet kan du få ved å vende deg
til:
Kateketen i Vatne, Astrid Øygard, tlf. 913 01 209 eller på e- post:
astrid.oygard@haram.kyrkja.no

Meir informasjon om konfirmanttida på øyane får du ved å vende deg til prest
Magne Bildøy på 400 27 030 eller magne.bildoy@haram.kyrkja.no

Velkomen som konfirmant og som konfirmantforeldre :)

 







Del denne artikkel på e-post
25. august 2019 | Logg inn | Copyright [2014] Haram kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando